Me har båtplassar utan innskot.
Båtplassar fra 2,5 til 5 meter bredde med årleg leigekontrakt utan innskot.
Drøymer du om eige naust? Me har også ferdig oppsatt naust til salgs.
Treng du lagringsplass båtutstyr?
Me har bodar i 3 storleikar til leige. Bodane er 5 kvm, 8 kvm og 11 kvm. Årleg leigeavtale.
Den nye båthamna på Skjersholmane tilbyr ein trygg og skjerma fortøyingsplass for alt frå mindre småbåtar til større cabincruiserar og seglbåtar, og tilbyr utleige av båtplassar. Flytebrygga er klar med 75 plassar.
Båtplassane er 2,5 – 5 meter breie og har tilgang på straum, lys og vatn.
Båthamna er under utvikling, fleire og fleire naust blir bygd og fleire båtfolk finn vegen ned til denne rolege hamna med perfekt lokasjon. her har du drivstoff, vatn og strøm lett tilgjengeleg.
Fullt utbygd vil hamna ha plass til 250 båtar og 48 naust derav 23 allereie er solt.