I solrike Skjersholmane Båthamn har me 10 stk flotte naust på 40m2 for salg (av totalt 23 stk).
Nausta har store dørar i front og mindre dørar i bakkant, saman med ei vanleg inngangsdør med låsemoglegheit.
Egen båtplass inngår i prisen.
Interessert i å vita meir?
Ta kontakt for ein hyggeleg prat eller for å melda di interesse!
Terje Klippen – Tlf 970 59 015 – terje@ltfinans.no
Nausta ligg flott til i ei etablert og trygg hamn på Skjersholmane. Her kan ein dyrke hobbyar som fisking, båt eller kajakkpadling, eller ein stad ein kan samla vener og familie til hyggelege stunder ved sjøen. Nausta er bygd i grupper på 4-7 naust i rekkje.
Det er store dørar i front og mindre dørar i bakkant, saman med ei vanleg inngangsdør med låsemoglegheit. Nausta ligg ikkje på ei bein rekkje, men er trekt litt fram/tilbake i forhold til kvarandre iht. krav i reguleringsplanen.
Båtplassen
Det følgjer med båtplass i same bredde som naustet (5 m) inkludert i kjøpet av naustet.
Båtplassen ligger på flyttebryggjeanlegget framfor nausta, med lang-gang ned frå kaien fleire stader (sjå situasjonsplan). Kjøper må kjøpa utriggar sjølv. Det vert tinglyst rettigheit til båtplass med markering på kart ifm. med kjøp.
Området
Området er eit flott område, med badestrand i Alnavågen, Stanleys Veikro og turløyper. Det er kort veg frå Heiane. Naustområdet har gode solforhald, og hamna er ei lun og roleg hamn.
Me har båtplassar utan innskot.
Båtplassar fra 2,5 til 5 meter bredde med årleg leigekontrakt utan innskot.
Drøymer du om eige naust? Me har også ferdig oppsatt naust til salgs.
Treng du lagringsplass båtutstyr?
Me har bodar i 3 storleikar til leige. Bodane er 5 kvm, 8 kvm og 11 kvm. Årleg leigeavtale.
Den nye båthamna på Skjersholmane tilbyr ein trygg og skjerma fortøyingsplass for alt frå mindre småbåtar til større cabincruiserar og seglbåtar, og tilbyr utleige av båtplassar. Flytebrygga er klar med 75 plassar.
Båtplassane er 2,5 – 5 meter breie og har tilgang på straum, lys og vatn.
Båthamna er under utvikling, fleire og fleire naust blir bygd og fleire båtfolk finn vegen ned til denne rolege hamna med perfekt lokasjon. her har du drivstoff, vatn og strøm lett tilgjengeleg.
Fullt utbygd vil hamna ha plass til 250 båtar og 48 naust derav 23 allereie er solgt.