LT Finans

Verdiskaping som set spor

LT finans AS, drive av Leif T. Nilsen, er eit familieeigd investeringsselskap med eigarportefølje innan verksemder og eigedom.

Det største og mest omfattande eigarskapet har vore i Stord Innkvartering AS, – leiande leverandør av modulbygg i Noreg. Selskapet vart etablert av Leif T. Nilsen basert på si satsing innan innkvartering av arbeidsfolk til bygginga av dei mange oljeplattformene ved Stord Verft på 80- og 90-talet. Stord Innkvartering AS vart seld i 2021 til finske Adapteo, som leverer fleksible byggløysingar i heile Nord-Europa.

LT Finans AS investerer vidare i prosjekt og selskap for framtidig utvikling og verdiskaping.

LT Finans blir forvalta og drive av Leif Trygve Nilsen, som i tre tiår var gründer, hovudeigar og styreleiar i Stord Innkvartering – ei av Vestlandets mest lønsame bedrifter.

Stordabuen utvikla selskapet til å bli eit av dei største i Noreg på midlertidige bygg, bustad- og kontormodular.

Suksessformelen var og er ein liten administrasjon, hardt arbeid, korte avgjerdslinjer, dyktige tilsette og underleverandørar, og ikkje minst fokus på å levera som avtalt.

I 2021 selde gründeren livsverket til den børsnoterte finske eigedomsselskapet Adapteo.

LT Finans har gjennom åra også investert stort i eigedom, hovudsakleg på Stord.

Selskapet har til dømes vore ein betydeleg investor og pådrivar i utviklinga av næringsområda Heiane Vest og Heiane Sør på Stord – noko som har gjort Heiane til det største handels- og serviceknutepunktet i sunnhordlandsregionen.

Selskapet har også eigarpostar i ei rekke bustadprosjekt i porteføljen.

Med vår kapital skal LT Finans først og fremst bidra til utvikling som gir avkasting. Samstundes har me òg eit auga for bevaring av tidlegare tiders storheit. Det er årsaka til LT Finans er å finna på investorsida til veteranskipet MS «Sunnhordland».

Veteranskipet MS «Sunnhordland»